Jaktlaget på sørsida har vore på jakt ved Hauråa – i området mellom Raudåa og Storhaugen, og da ga som resultat ein liten bukk. Gårdagens jakt ga ein elgkalv som resultat – så det har ikkje vore dei heilt store reasultata denne helga. Men forrige helg fall det 4 fine dyr for laget, så resultatet er variabelt.
Øya jaktlag held til i den gamle siloen i øya med slaktinga, og da vi trefte dei var det ei lita gruppe som tak seg av slakting og resten av gjengen var samla rundt kaffebålet ute på plassen. Her løyste dei verdsproblema og diskuterte neste trekk ijaktstrategien for neste jakthelg. Det såg iallfal ut som gjengen hadde det triveleg og trivdes i kvarandres selskap.