Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Meir frå Haukåa

Meir frå Haukåa

Jon Olav Ørsal Måndag 2. mai 2011

Jon Bruset har vore på ny tur til Haukåa – denne gongen til Indre Haukåa. Dette er nok framant land for dei fleste, kanskje ein og annan hjortejegeren har trafikkert i dette terrenget? Det ligg i alfall utafor allfarveg!  Jon skriv i sin e-post til Todalen.no:  «Først nokre bilete av grøfta som førte over vatn frå Ytre- til Indre Haukåa. Dette vart gjort for å skaffe nok vatn til Øyasaga i tørre periodar. Frå Indre Haukåa gjekk det vassrenne vidare til Øyadammen (rester av inntaket og vassrenna er teke med mot slutten av bildeserien). Grøfta er fleire hundre meter lang og må ha vore eit storarbeid med spade og handmakt!

Bildedekninga av øvre delen av elva, der dei høgste fossane finns er mangelfull p.g.a. svært vanskeleg tilgjengeleg terreng. Lengre nede var det på solsida innslag av varmekjære artar som alm og lerkespore.

Her kjem eit bildegalleri frå turen til Indre Haukåa.    Alle foto: Jon Bruset

Først publisert: 2. mai 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 1. mai 2011, 21:11