Tore Gjul som er sekretær i viltnemnda i Surnadal kommune har laga ein omfattande statistikk som er basert på vårteljing av hjort og med resultat frå jakta i 2022, basert på felt hjort, elg og rådyr i Surnadal kommune og fordelt på dei enkelte vald/storvald innafor kommunens grenser. Når ein blar gjennom statistikken er det lett å sjå at ein må sjå alt i samanheng når ein skal regulere stammen med tildeling og avskyting frå år til år.
Vårteljinga i 2022 er delt på 3 datoar i mars og april og her viser resultatet for heile kommunen at makstala for 2021 og 2022 viser ein nedgang frå 827 i 2021 til 618 i 2022 når det gjeld hjort. Dersom ein ser isolert på Todalen, så er tilsvarande tal 99 i 2021 og 86 i 2022 – altså ein liten nedgang. Dette er summen av dei 4 teljingsområda: Sørsida av Todalen, Husby – Halle, Todalshaug – kvennset og Hjellnes – Svinvik. I Todalen var toppåret 2019 med 109 stk – med nedgang dei 3 siste åra.
Også når det gjeld fellingstala for hjort, så var toppåret i «nyare tid» 2019 med 601 felte hjort. Etter dette har fellingstala gått nedover, med 507 i 2020, 490 i 2021 og for 2022 var fellingstala for hjort heilt nede på 371. Lokale fellingstal for Todalen var på 35 hjortar av total tildeling på 50 dyr.
Når det gjeld elg går utviklinga andre vegen – her var det i heile kommunen felt 53 elg hausten 2022 (Tildelt 82 elg). Dette er ein auke frå 38 elg i 2021 og 48 i 2020. I Todalen vart det hausten 2022 felt 3 elg av ei total tildeling på 7 dyr. For Norge er statistikken omvendt, med tilbakebang for elgstammen og framgang for hjortstammen. Når det gjeld rådyr så er det felt 43 dyr i kommunen i 2022 – herav 6 i Todalen.
I statistikken er også felling av freda rovdyr med, der det har vore lisens-/kvotejakt og skadefelling. I perioden 2017 – 2022 er det felt 13 gauper i kommunen – ingen av disse er felt i Todalen. Tilsvarande tal for jerv i perioden 2007 – 2022 er totalt 22 jerv som er felt i perioden – 5 av disse er felt i Todalen.