Todalen sanitetsforening ønsker alle eit riktig godt nytt år!
Det vart ein tung start på året 2021; men vi må å sjå framover med håp og optimisme er helsinga frå sanitetsforeninga.
Sanitetsforeninga avlyser medlemsmøtet 5. januar. Dette på grunn av nye restriksjonar frå regjeringa og forverra smittesituasjon i landet.
Det blir heller ingen andre arrangement i regi av sanitetsforeninga i løpet av januar. Mest truleg blir også årsmøtet som er planlagt til 2. februar, utsett.
Norske Kvinners Sanitetsforening vart stifta 26. februar 1896 og kan feire 125-årsjubileum i 2021.
Viktige arbeidsfelt for sanitetskvinnene dei første åra var kamp mot smittsame sjukdomar som tuberkulose, helseopplysing og oppbygging av helseinstitusjonar. Innsatsen til frivillige organisasjonar er svært viktig for samfunnet vårt.