Tysdag 13. oktober kl 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til medlemsmøte på Thon Hotell Surnadal. Dagens tema er koronasituasjon, og dagens foredragshaldar er kommunelege Bjørn Carsten Buan. Han har kalla foredraget sitt for: «Hvor fri kan vi føle oss med aktivitetar i lokalmiljøet med tanke på korona og smittefare?» – Dette er eit høgst aktuellt tema i dag, så vi håpar at mange blir med oss – alle er like velkomne om du er medlem eller ikkje, skriv pensjonistlaget i ein e-post til Todalen.no.