Tysdag 7. september startar Todalen Sanitetsforening på igjen med medlemsmøte. Det skjer i Sanitetshuset og startar kl 19.30, og dei ønskjer både nye og gamle medlemar velkomne. Foreninga har fått mange nye medlemar dei siste åra, men det er plass til enda fleire, seier sekretær May Elisabeth Holten til Todalen.no
Dersom du har lyst til å bli med i Sanitetsforeninga er det berre å møte opp i Sanitetshuset denne kvelden. Da får du sjå kor triveleg vi har det på medlemsmøta, og korleis vi arbeider, seier ho.