Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Medaljehaust i i VM i Gran Sasso – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 6. august 2023

Aron Rodal Haugen kom i mål på nest beste tid under VM i Skyrun i Gran Sasso i Italia.  Litt av ein prestasjon etter 13,9 km i den i den krevjande løypa og med 27 deltakarar i klasse A, som er yngste klasse.  Søndag er siste VM-dag i Gran Sasso, og Erik Kårvatn som er den andre VM-deltakaren frå Trollheimen Fjellsportklubb deltek i klasse C, og han kom på ein 12.-plass i den 21,6 km lange løypa i hans klasse. 

Erik på veg opp bratta til toppen – etter mesta 3 timer i løypa vart det 12 plass i dag. foto G.Kårvatn

I klasse C var det 32 deltakarar og Erik Kårvatn løp inn til ein 12 plass med tida 2.53,34 som er ei sterk tid.  her var det spanjolen  Jan Castillo Paredes som var først i mål.  På premieutdelinga vaert det ikkje mindre enn 2 sølvmedaler til Aron – han nådde faktisk i å bli nummer 2 sammenlagt på fredagens vertikal og søndagens skyrun.  

Sterkt resultat av både Aron og Erik som representerer Norge og Trollheimen Fjellsportklubb under VM i Gran Sasso i Italia.  

Bratte lier i fjellene i Gran Sasso i Italia. Foto GKårvatn

Emil Aslaksen Rød gratulerer sølvmedaljevinnaren Aron Rodal Haugen etter målgangen. Foto Odd H Haugen

Publisert: 6. august 2023, 11:03