I Bindal i Nordland går tidsrekninga på før og etter regattaen, på same måte som elgjakta i Østerdalen. Vi har iallfall høyrdt mykje positivt om regattaen i Bindal, og den har overlevd i snart 50 som kulturattraksjon og beinhard konkurranse. Talgøfirmaet Bindalsbygg/Talgø Agrobygg er sjølvsagt ein av mange sponsorar som gjer det muleg å halde fram med denne tradisjonen, som held lig i både terråk Idrettslag og i båttradisjonane som er viktige for Bindal kommune.
Denne helga er det altså regattahelg i Bindalen, der regattaen med Nordlandsbåtar er ein sentral aktivitet. Men det skjer mange slags aktivitetar denne helga – vi kan nemne Terråkmila, sykkelritt, utdeling av kulturpris, marknadsplass, familieroing, familieshow og mange aktivitetar for borna.

Regattaen engasjerer – mann av huse for å få med seg kappseilasen med Nordlandsbåtar. Foto Jon OLav Ørsal
Regattaen går over to dagar, med seier til beste sammenlagt. Første etappe vart unnagjort i dag, og det var båten «Bindalsfjord» som vann på heimebane. Regnet som kom på tampen av programmet la nok ein liten dempar på aktiviteten, men kveldens dansefest skal gå i ein av fabrikkhallane på Brukstomta så her blir det nok «hålligang» til langt på natt skal vi tru arrangøren.
Resultatliste ajourført etter første dag – vinnar blir utropa etter sammenlagt resultat etter dag to.
Vi har lagt ut eit bildegalleri frå dagens aktivitetar – alle foto Jon Olav Ørsal