Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med surfebrett i sanitetshuset

Elinor Bolme Torsdag 30. mars 2017

6 ivrige deltakarar møtte opp på det uformelle datakurset som var arrangert i Sanitetshuset i går kveld. Her var det ope for alle problemløsingar som den enkelte måtte ha. Og derfor hadde deltakarane med seg eigne bruksenheiter, slik at lærdommen vart mest muleg nyttig. 

Ein runde på todalen.no vart naturleg vis obligatorisk. Her fekk dei blant anna tips om aktivitetskalenderen og kor dei kan finne epostlista til andre todalingar.

Kurshaldarane var ikkje heilt sertifiserte, då dei slepte laus servering av kaffe og sjokoladekake medan deltakarane surfa på nett.

Konsentrasjonen er på topp. Åshild Halle var godt fornøgd etter kveldens økt der både bilder vart lagra og ho chatta med sonen Kjell Inge i Oslo via Facebook.

Ansvarlege for kurset, underteikna og Kristine Saksen Ulvund lova at eit nytt treff for meir erfaringsutveksling ville bli oppsett etter påske etter påtrykk frå dei ivrige «elevane».

 

 

Publisert: 30. mars 2017, 16:00