Torsdag 28. mai kl. 8.50 starta 38 deltakarar frå Surnadal Pensjonistlafg frå Kulturhuset på Skei, med Smøla som turmål. Olav Jostein Holten var turleiar, og Sverre Kjølstad som stødig sjåfør. I lettskya vårvêr ber det utover mot Halsa, og vi når ferga på Hendset kl. 10 som planlagt. Frå Arasvika går turen over Ertvågøya, og på bortsida av Foldfjorden kan vi sjå garden til eksordførar, no pensjonist, Knut Bårdset. I fjor var det han som var kjentmann på pensjonistturen vår til Aure og Kyrksæterøra.
Over til Edøya får vi skyss med bilferga Edøyfjord, ei ny og fin ferge. Komne på land bli vi møtt av Kjell Brende, som blir kjentmann på rundturen på Smøla. No ber det til Myrmusèet på Frostadheia. Vi gjer oss god tid, sprettar nistepakkane våre og går rundt og får sjå om nydyrking og bureising her ute først på 1900-talet. Middagen, saltfiskball, tek vi på Havkroa på Veidholmen, og avsluttar med ein rundtur til det nordlegaste punktet i Møre og Romsdal på nordspissen av øya. Vi avsluttar turen på Smøla med ein tur innom Edøy gamle kyrkje.
Attende på Skei er vi i 7-tida. Takk til turleiar Olav Jostein Holten, sjåfør Sverre Kjølstad, kjentmann på Smøla, Kjell Brende, omvisar i Edøy kyrkje, Per Halse og alle andre som var med på turen.
Bildeglimt frå turen til Smøla – sjå alle bilda i galleriet nedafor. Alle foto: Vidar Sogge