Laurdag var det sandlossing ved kaia attmed settefiskanlegget. Det var båten «Freifjord» som kam med 1050 tonn med knusagrus og singel til Per E. Gjeldnes Maskin. Totalt var det rundt 620 m3 som var lossa og lagt på lager på land – ein jobb som tok rundt 3 timar, fortel Per E. Gjeldnes.
Tidlegare har det vore kjøpt knusagrus frå Harøysundet, men denne gongen vart det grus frå Eide, der Visnes Eklogitt AS på Lyngstad er leverandør. Med båt tek det rundt 5-6 timar på turen frå Eide til Todalen, og båten var dermed ferdiglossa i 20-tida laurdag kveld.