På Todalen.no får vi med oss litt av kvart som vi kan by lesarane våre på. I dag vart det ein litt uvanleg aktivitet, for vi klarte å mase oss til å få bli med på sprengningsøving. Linjemannskapet har enkelte gong behov for å sprenge vekk tre som ligg over straumlinja – da kan det være livsfarleg å gå på jobben med motorsag. Da er det å sprenge vekk trea som kan være løysinga – både praktisk og ufarleg. Ein kan nemleg gå unna på sikker avstand før ein sprenger.

Klave med sprengstoff som du låser rundt treet som skal sprengast. Derme konsentrerer du sprengkrafta inn mot treet. Foto Jon Olav Ørsal
Tidlegare har S-Nett kjøpt denne tenesta frå eksternt firma, men no har dei ordna seg med utstyr, og har kursa nokre frå mannskapet slik at dei har kompetanse til å utføre slike oppdrag sjølve. Egentleg er det genialt at dei berre kan henge på ein klave for så å sprenge vekk tre som ligg over straumlinja. Derme kan ein være på trygg avstand når ein løyser ut salva som sprenger vekk tre som ligg over linja og held denne i spenn.

Resultatet av sprengninga – sprengladninga hadde ingen problem med rotstokken på denne grana. Foto Torgeir Stenberg, S-nett
I dag var det altså berre ei øving, og det er nok uvanleg at vêrgudane er i så godt lynne når slikt arbeid foregår. Som oftast er det mykje både vêr og vind når ein har behov for å fjerne tre frå linja. I dag var det berre øving, og det skjedde straks nedafor beråbakkbrua på vegen opp mot inntaket for Råssåfoss kraftverk. Heilse gjengen på S-Nett deltok på øvinga for å samle litt kompetanse til det blir bruk for dette i arbeidet.