Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med over 60 års utvikling under panseret

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. mai 2023

Sia den første Volkswagen Type 2 kom først på 60-talen har det jammen skjedd mykje på bilfronten.  I dag fikk vi tilbudet om å prøvekjøre VW ID Buzz, og det vart nok ein anna verden enn Type 2.  Så er det da kanskje 60 år mellom dei to variantane, så det skulle da berre mangle.  Har da hatt førarkort sia 1969, så vi har da fått prøvd gammeltypen, og og etter tida var da den bra. 

Drosjebilen til Talgø var ein Type 2 som var lys beige med rød-orange skjørt. Her står drosjebilen og Bedforden parker framfor Gammelfabrikken. Arkivfoto Talgø

Talgø hadde på 60-talet både drosjeløyve og BP bensinstasjon, med Johan Sæter som stasjonssjef og drosjesjåfør.  Og bilen det var ein VW Type 2 buss som var lys grå med rød-orange skjørt – ein flott bil etter tida.  Mest imponert var vi over dei gode kjøreeigenskapane – kunne mesta ikkje tru at det var ein varebil vi køyrte.  

Dagens ID Buzz er nok noko heilt anna – bilen vi prøvde var ein heilelektrisk Cargo-modell, og var altså ein varebil. Men du verden det var gode kjøreeigenskapar, og den hadde kraftig motor og gikk som eit skot.  Motoren hadde 205 HK og bilen leveres som 5-seter frå knappe 600.000, medan varebilen kostar vel 500.000.  

På Valsøya har Svorka ladestasjon for El-bilar – her kan du få «påfyll». Foto Jon Olav Ørsal

Interiøret i ID Buzz Cargo – oversiktleg og ledd å betjene. Foto Jon Olav Ørsal

I Betna var det vegarbeid – her opnar ei strekning på Betna – Stormyra neste år. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 10. mai 2023, 15:58