I kveld var Surnadal/Søya/Todalen sitt damelag samla på Surnadal ungdomsskule for å gjennomgå skolering som MOT-ambasadørar i nysatsinga MOT i fritid. Surnadal kommune har i fleire år vore ein MOT-kommune, men kun på ungdomsskulearenaen. No har dei utvida MOT-avtalen med ei 3-årig avtale saman med MOT-koordinatorane Eva Sæterbø og Laila Sollid. Kommunen utfordra Surnadal IL med konseptet, og damelaget i fotball vart eit naturleg valg i det vidare arbeidet.
MOT-flagget til topps
Jentene på laget er positive og godt drilla i Fair play, så ei vidareføring med gode haldningar i form av MOT er berre fantastisk fortel leiar i fotballgruppa i Surnadal IL, Øystein Hjelle Bondhus. Vi er stolte over at Surnadal kommune ønsker dette samarbeidet og forankringa i SIL, og heisar MOT-flagget med ydmykheit på Syltøran når damelaget skal spele sine heimekampar denne sesongen. I tillegg blir MOT-logoen å sjå på spelardraktene til laget. På framsida, då det kun er eliteserielaga som har lov å ha den godt synleg på ryggen.
Viktige grunnverdiar
MOT har tre grunnverdiar i sitt arbeid: lede, bry seg og sei nei. Desse verdiane blir deltakarane drilla i, i form av ulike oppgaver. Dei blir rett og slett skolert i å være gode forbilder for andre. -De har alle no eit ansvar for at alle blir inkludert, fortel Sæterbø. Det å være MOT-ambassadør heng høgt blant ungdomane, og å få lov til å spele med logoen på brystet er stort fortel dei.
Styret i fotballgruppa, saman med trenarar og oppmenn var på tilsvarande skolering i forrige veke. Les meir om MOT på www.mot.no. Her kan ein også bestille ulike profileringsartiklar.