Etter snøvêret i nyttårshelga har det vore relativt fine vintervegar, men med litt vind og rennfokk innimellom. Laurdag kom mildvêret og dermed vart det blankis og glatte vegar. På dei asfalterte vegane er det stort sett bart, men gardsvegane deimot har vore nærast blankpolerte.
Dermed er det travle tider med strøing for Todalen Mjølk som søger for brøyting og strøing på gardsvegane og kommunevegane. Anders Karlsen starta tidleg i dag med strøing, og var på det nærste ferdig da vi trefte på strøartraktoren i Brusetmarka rundt lunchtida søndag.
Todalen Mjølk brukar ei blanding av sand og salt, og Anders fortalta at lageret har krympa skikkeleg i dag – berre på strkninga frå Trudvangkrysset og oppover til Kårvatn er det i dag bruka rundt 6 m3 med sand/saltblanding.
Vêrmeldinga på yr.no byr på mildvêr og sør-austleg vindretning heile 10-dagersperioden som kjem. Etter kvart må vi nok rekne med at isen smeltar bort.