Dagens happening var å få ny kopimaskin opp i 2. etasje til kontora på Talgø. Den kom til gards i fleire deler, men 2 av delane var så store og tunge at den kunne ikkje transporterast opp troppa i hovudinngangen. Det vart lufta mange kreative løysingar, som å ta ut eit av vindauga for å få den inn. – Løysinga vart å ta den inn via naudutgangen attmed spiraltroppa….

Klar for løfting – John Moe, Svein Kåre Henøen og Kjell Ivar Bøvra kontrollerer at alt er ok før det ber til vers. Foto: Jon Olav Ørsal
Heile 550 kg var den yngste delen, slik den kom frå Kontorvarehuset, som er mangeårig leverandør av kopiutstyr til Talgø. Kreative sjeler fant ut at ved å bygge ein liten trerampe for å utlikne høgda ville det gå akkurat med noen få centimeters klaring. Bøvra Transport stilte med kranbil for å ta det tunge løftet opp til 2. etasje, og med litt list og lempe kom kopimaskina i hus – og gamalmaskina kom same veg ut etter over 5 års teneste – og avslutta karrieren på Talgø med ein luftetur.
Så var det bare montering og i gangkøyring som stod att, og i løpet av nokre timar så var maskina i drift og skal tene sine nye eigarar i 5 nye år.