”Vindøldalen – Nordmøres vakreste fjelldal?” var headingen på invitasjonen, når Kristiansund og Nordmøre turistforening inviterte til ope informasjonsmøte i Sagatun onsdag kveld. Etter å ha sett den flotte lysbildeserien til Håvard Johansen, og hørt Nils Røv kåsere om ”Dal’n”, må vi langt på veg være enige i KNTs påstand.
Vindøldalen, eller Dal’n som lokalbefolkninga seier, var det nok ikkje så mange andre som hadde sett før utbygginga av Trollheim kraftverk skjedde på 60-talet. Da vart det nemleg bygd veg til Vindøldalen, og med vegen vart dalen ”opna” både for hyttebygging og ein fikk eit meir lettvint utgangspunkt for turar lengre inn i fjella.
Håvard Johansen tok oss først med på ein lysbildeserie frå nokre av jubileumsturane som KNT arrangerte i 2013, da dei fylte 125 år. KNT inviterte nemleg folk til fjells for å feire sitt jubileum, gjennom fleire fine turmål. Men mykje av lysbildeserien var frå turmåla med utgangspunkt frå KNT-hytta Vindølbu i Vindøldalen.
Håvard Johansen har nemleg laga eit fint hefte på heile 32 sider, som han har kalla ”Turer frå Vindølbu”. Den inneheld 25 turarforslag, med utgangspunkt i KNTs hytte. Både korte og lange turar, og både ski- og fotturar. I lysbildeserien tok han oss med rundt i Vindøldalen og i fjella omkring. Ei imponerande samling av bilde og inntrykk som begeistra publikum. I arbeidet med turheftet, har han nok rukket å bli godt kjent ”oppi Dala”. Håvard Johansen er dessutan godt kjent som forfattar av boka ”101 skiturar på Nordvestlandet”. Her kan du laste ned heftet digitalt (9MB).
Nils Røv hadde neste post på programmet. Han hadde med seg munnspel, og starta sitt kåseri med ”Vårsøg”. Han avslørte ein omfattande kunnskap om Vindøldalen og historia som høyrer til. Heilt frå sitt første møte med fjelldalen som 6-åring og fram til i dag. I tiårsalderen var han gjetar i dalen i 3 sesongar, men han har både gjort eigne erfaringar og hatt interesse av å lytte til både kva tante Randi og andre har fortalt. Mange muntre historier og forteljingar om seterdrift og markaslått og mykje anna.
Etter pause med servering av kaffe og litt tid til prat rundt borda var turen komen for Eirik Gudmundsen, som er leiar i KNT. Han viste lysbilde og fortalte om KNTs hytter og aktivitetar i Surnadal kommune. Han tok oss med på rundtur med start på Kalsetsetra i Bøfjorden, og innover fjellheimen i ord og bilde. Frå hytte til hytte, med Jutulbu, Tverrlihytta, Hardbakkhytta, Grytbakksetra og til Hermannhytta. Vidare frå Øvre Sætra til Sætersetra, Vindølbu, Snotbu som er planlagt hytte i Fagerlidalen, utover romådalen til Todalshytta og vidare over Bjøråskaret til Innerdalen og vidare til Volla setra i Sunndal.
Han orienterte også om dei store investeringane som er gjort dei siste åra og det gode samarbeidet som foreininga har med Olav Thon og hans hyttefond som hjelper til med finansieringa av arbeidet.