Tysdag drog Jon på tur med bil og sykkel i bagasjerommet. Målet var ein lenge planlagt tur til Trollhetta, der Jon aldri har vore før. Til tross for fleire turar både til Trollheimshytta og Jøldalshytta har ruta over Trollhetta vore innhylla i tåke når han har vore i området. Vi har fått e-post med mange fine bilder, og beretning frå turen. Sterk vind hindra Jon i å nå toppen i dag, men han kom iallfall så langt at målet var innafor synsvidda.
I eposten skriv Jon: «Dro til Jøldalen for å gå i retning Trollhetta i dag. Jøldalsvegen tar av frå Nerskogvegen og kan kjørast med bil ei mils veg innover (bomveg kr. 70). Frå parkeringsplassen er det traktorveg 4,5 km. inn til Jøldalshytta. Denne høver godt til sykkel. Ruta over Trollhetta går opp til 1616 moh. på høgste toppen, er oppsett til 9 timar, og endar på Trollheimshytta. I dag var det så hard vind i fjellet at ein faktisk hadde nok med å halde seg oppreist. Men til å vere denne sommaren var temperaturen brukbar.»

Vegvisar ved Jøldalshytta – den viser at det er mange muligheiter du kan nå herfrå. Foto: Jon Bruset

Ei geiteseter straks attmed Jøldalshytta – klapp ei geit og kjøp ein ost, stod det på plakaten. Foto: Jon Bruset

Midt i bildet ser vi toppen av Neådalssnota – til høgre er høgste toppen av Trollhetta. Foto: Jon Bruset

Utsikt mot Jølvatnet – her går Trollheimens ville landskap over i flatare terreng. Jøldalshytta skimtar du like til høgre for Jølvatnet. Foto: Jon Bruset