I går var det ordføraren i Surnadal som engasjerte seg i flyktningekatastrofa i Hellas. I dag treffer vi to driftige damer i full sving i AMFI Surnadal for samme sak. Katrine Sæter og Ida Bochon har saman med Rita Botterli og Synnøve Pilskog oppretta gruppa «Dråpen i havet- Surnadal og omegn», basert på den ofisielle Facebookgruppa «Dråpen i havet» som bidrar til å bedre levevilkåra til dei mange tusen flyktningane i Sør-Europa som no er på flukt.
Bakgrunnen for engasjementet er at dei ønska å kunne bidra til dei som verkeleg har behov i ein vanskeleg situasjon fortel Katrine Sæter. Ho og dei tre andre fekk etter fleire henvendelsar rundt om i Surnadal, til slutt lovnad på gratis leige av lokale til mottak av klær og utstyr hos senterleiar Lorentz Sæther i AMFI Surnadal. Han hadde eit egna lokale med eigen inngang der Orkideen tidlegare var, noko dei engasjerte damene var veldig takknemlege for. Også fleire næringsaktørar har fått forespørsel om å bidra på ulike vis, der Rema 1000 øyeblikkeleg sponsa dei med søppelsekkar til pakking. -Vi håper også at vi skal klare å få ordna med egna frakt opp til Trondheim på enklast muleg måte, så er det fleire i næringslivet i Surnadal som ønsker å bidra er det berre å ta kontakt oppfordrar dei.
Katrine fortel at dei vil sortere og frakte varene til Trondheim etter kvart som dei kjem inn, men dei set naturleg vis stor pris på om dei er ferdig sorterte på kjønn og alder, i alle fall i barnestørrelsane, men det er ikkje eit krav. Deretter vil Amadia Trøndelag ordne frakta videre til Hellas og utdeling der. Og alt som kjem inn før fredag i denne veka vil garantert bli sendt direkte nedover. Det som ikke går til Sør-Europa i første omgang, vil bli delt ut til flyktningar som kjem til Norge.
Men kva er det dei treng?? -Alt! kjem det unisont frå Ida og Katrine. Men det er spesielt behov for bæreselar, tepper, bleiar, bind, sko, klær (undertøy, sokker, solhatter, capser), hodelykter, refleksvestear, sinksalve, nattkikkert og store Maglite. Men dei poengterer at alt av klær, sko og leiker kjem godt med.
Så har du noko du ønsker å bidra med, er «Dråpen i havet»-mottaket i AMFI Surnadal åpe i dag frå 18.00 – 21.00 og i morgon torsdag frå 11.30 – 13.00. Dei blir også å halde på neste veke, men åpningstidene er ikkje heilt klare her enda.
Damene kan også kontaktast for å få ordna eigne avtalar på anna tidspunkt:
Ida Bochkon 41205231
Katrine Sæter 98090490
Synnøve Pilskog 95169748