Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med fokus på kvalitet

Elinor Bolme Laurdag 14. mars 2015

I første del av helga har i underkant av 30 representantar frå 10 ulike ballklubbar i Nordmøre og Romsdal fotballkrets vore samla på fotballeder 2 kurs på Thon hotel Vårsøg. Dette kurset er arrangert av fotballkretsen og kom i stand etter at fotballeder 1 kurset vart heldt av Knut Haugen i fjor haust. Ein av klubbane som er godt representert på kurset er IL Søya. Dei stilte med heile sitt fotballstyre; Kenneth Bergstad (styreleder), Geir Atle Røen (leder ald.bestemte), Torgeir Kvendset (trenerkoordinator) og Knut Haugen (sekretær), samt Per Arne Hyldbakk og Bergsvein Brøske. Knut Haugen er også styremedlem i fotballkretsen.

IL Søya har lenge hatt fokus på kvalitet i eigen klubb, og har hatt det gjeve «Kvalitetsklubbstempelet» i eitt par år etter dei var med i eit pilotprosjekt i regi av kretsen saman med Sunndal IL. Det siste året har dei jobba enda meir med dette og  kommet seg opp på nivå 1 i Fotballforbundets kvalitetsstige. Dei øvrige i vår krets er Dahle, Surnadal, Sunndal, Molde og Træff.

image

Erik Hals startet lørdagen med fotball og juss og tok for seg forsikringer, kontrakter, registrering, overganger og samarbeidsavtaler. Andre tema som inngår i kurset  er ledelse av frivillige, ryddig klubbøkonomi og media og kommunikasjon. Med andre ord; viktige tema for tillitsvalgte i de fleste små og store fotballklubber og idrettslag forøvrig.

Publisert: 14. mars 2015, 16:18