Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med fokus på beredskap

Elinor Bolme Måndag 23. november 2015

I morgon kveld er det fokus på omsorgsberedskap i Todalen Ungdomshus. Todalen sanitetsforening har som kjent avtale med Surnadal kommune vedrørande beredskap i kommunen. Dette innebærer at om det skulle skje noko der mat,husly og omsorg er aktuelt, skal sanitetskvinnene i Todalen bistå. No har også sanitetsforeningane i Øvre Surnadal og Torvik meldt sin interesse for dette arbeidet, og dei tre foreningane utvidar derfor denne avtalen med kommunen.

I den anlendning kjem derfor Råg Ranes og ordførar Lilly Gunn Nyheim og orienterer litt om beredskapen i kommunen, og forhåpentlegvis blir ny kontrakt underskreve av leiarane av dei tre sanitetsforeningane, saman med ordføraren. Etterpå blir det papirøvelse i regi av Morten Halgunset, der lokalkunnskap, beredskap og øvelse blir viktige faktorar. Han har laga ei spesialtilpassa øvelse for anledninga og kjem nok til å utfordre dei frammøtte på både redning og omsorg.

Morten Halgunset

Morten Halgunset, her frå Rindal Sanitetsforening sitt omsorgsberedskapsmøte 3.4.14. Foto: Trollheimsporten.

Leiar i omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Jorunn Ørsal håpar derfor at dette verkar såpass interesant at bygdafolk og andre som interesserter seg for redning, omsorg og beredskap møter opp kl 19 i ungdomshuset i morgon.

 

Publisert: 23. november 2015, 22:05