I dag starta fire nye elevar på Todalen skule. Tre av dei var jentene Julia, Øyvor og Natasha som skulle byrje i første klasse. Dei har hatt god trening med førskuleklubb siste barnehageår, og vart fort husvarme i skulegarden saman med resten av elevane ved oppvekstsenteret, heile 27 i talet.
Klassene fordeler seg no i tillegg til dei i første med fire i andre, fem i tredje, tre i fjerde, seks i femte, tre i sjette og tre i sjuande klasse.
I 2. klasse var det også ein ny elev. Han heitte Mikael, og hadde med seg mor Nina Ryan Braaten som backup i skulegarden første dagen. Dei er heilt nyinnflytta til Todalen, og har fått seg husrom på Taløyan hos Anita Talgø. Familien var i Todalen for første gong i tida rundt Todalsdagen for å sjå seg rundt, og vurdere om dei skulle ta steget frå Lørenskog og opp til Surnadal og Todalen. Heldigvis fekk dei eit godt inntrykk av bygda og folket dei møtte, for no er dei busett og far Anders har starta i ny jobb på Nordmøre folkehøgskule. -Eg er opprinneleg utdanna innan hud og velvære, men tek det med ro no jobbmessig i oppstartsfasen for å sjå til at gutane får det bra, fortel Nina.
Bjørn Gunnar Ansnes i Todalen grendalag er storveies fornøgd med at familien Ryan Braaten valde seg Todalen. -Dette viser at jobben med å få opp folketalet og hindre at politikarane vurderer nedleggelser og samanslåingar ber frukter, sakte men sikkert. -Vi skal i møte med kommunedirektør Haugen sist i neste veke, for å ta ein prat om boligsituasjonen i bygda. Per i dag har vi folk på venteliste som ønsker å bu her, som nyleg har fått seg jobb i bygda. Så langt har vi fått innlosjering på Nordvik, men vi vil ha vedkommande heilt inn før vi er fornøgd, seier han.