Styret i Start 4H melder no om førebuingar til årets haustfest. Datoen er sett til søndag 3. november. I den anledning var alle medlemmene i kveld inviterte til Skulestua for å arbeide med prosjekta sine, i lag med klubbrådgjevarane Ragna Kvendset og Jon Olav Roaldset. Og fleire av dei yngste nytta anledninga godt, og fekk jobba bra med arbeidsbøkene sine.
Styret dreg også i gang med enda ein slik kveld, for å bistå med sluttføringa av prosjekta som skal være klare til å stillast ut laurdag 2. november mellom 12 og 16. På føremiddagen søndag blir den enkelte utstilling/prosjekt vurdert, før 4H-året rundast av med tradisjonell haustfest for heile bygda søndags kveld. Dørene åpner kl 17 for publikum til å sjå på utstillingane, medan underhaldning og utdeling av utmerkelser byrjar kl 18.
Ny arbeidskveld blir mandag 28. oktober klokka 18 i Skulestua. Ta med prosjektoppgåvene oppfordrar styret. Dei håpar samtidig at foreldra tek med seg eit matfat til sjølve haustfesten