Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med besøk av Pippi!

Elinor Bolme Onsdag 18. mars 2015

Pippilotta Rullgardina Viktualia Krusmynte Efraimsdatter Langstrømpe, eller Pippi sånn til dagleg, er på farta igjen og kjem til Surnadal kulturhus laurdag 21. mars kl. 14.  Den sterkaste jenta i verda har flytta inn i Villa Villekulla saman med apa Herr Nilsson, hesten sin og ein sekk fylt av gullpengar.  Den er det også andre som har lyst på, men det er ikkje særleg lurt å prøve å stele frå Pippi!

Fru Prysselius vil ha Pippi på barneheim og får hjelp av konstablane Kling og Klang.  Men Pippi vil ikkje på nokon barneheim.  Ho har det bra der ho er og klarar seg sjølv.  Men Fru Prysselius gir ikkje opp så lett …

 

Oversikt bilde

Når Pippi kjem til Surnadal blir det fart og moro, dumme skurkar, klønete politifolk, song og dans til Georg Riedels kjende musikk.  Og kven veit?  Kanskje vi også får oppleve pappaen til Pippi, den kjende sjørøvaren Kaptein Langstrømpe? Det er Victoria Productions som har laga teaterstykket, og dei fortel at alle barna får helse på Pippi etter forestillinga. Så hugs kamera eller mobil med kamera oppfordrer mannskapet på Surnadal Kulturhus.

Publisert: 18. mars 2015, 13:02