Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Matkroken Todalen – Fin omsetningsauke i 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. februar 2021

2020 var eit bra år for daglegvarebransjen i Norge, med ein omsetningsauke på rundt 10%. Matkroken Todalen var ikkje noko unntak i så måte og kan vise til ein omsetningsauke på 10,6%. Matkroken Todalen auka omsetninga på daglegvarer frå 9 millionar i 2019 til 9,9 millionar i 2020.

L. Hals driv i tillegg til daglegvaredel gjennom Coop Matkroken-systemet og med sal av landbruksvarer, drivstoff og olje. Omsetninga for landbruksvaredelen syner ein bitteliten auke på 0,2% i omsetninga frå 2019 til 2020, medan omsetninga for drivstoff og olje gjekk ned med 15% i same periode. Provisjonane frå Norsk-Tipping, Posten og Postnord auka òg bra i 2020 samanlikna med året før. Spesielt gjeld dette Postnord, kan handelsmann Nordvik fortelje. 

Han fortel vidare at veksten ved TalgøMøretre i Todalen i løpet av 2019/20, har vore ein viktig faktor for omsetningsauken på daglegvaresida i 2020. 

Koronaen påverka sjølvsagt:

Koronasituasjonen påverka sjølvsagt og Matkroken Todalen. Tapt omsetning frå påsketurismen, avlyste 17-maifeiringar, saman med redusert omsetning frå fotball-cupar, festivalar, basarar og andre arrangement, som vart arrangert i mykje mindre skala enn normalt, påverka omsetninga negativt. Men stor auke i lokalhandelen kompenserte for dette, og vel så det, seier han. Ein bra turistsesong bidrog òg positivt, legg han til. 

Varene går unna! Foto: Jorid H. Ansnes

Nordvik er på bagrunn av tala for 2020 godt nøgd med utviklinga for L. Hals AS.

 

 

Først publisert: 2. februar 2021, 07:00 - Sist oppdatert: 1. februar 2021, 18:49