Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Matkroken Todalen digitaliserer

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. juni 2023

I går og i dag har betjeninga ved Matkroken Todalen, regionsjefen for Coop Matkroken og andre montert digital prismerking av alle daglegvarene i heile butikken. Regionsjef Nils H. Oksvoll i Coop Matkroken kan fortelje at skjermane på dei nye digitale prislappane er dei første i Coopsystemet i Norge som har fargeskjermar, noko som gjer at tilbodsvarer får raude prisar, medan ordinære prisar står med svart.

Overgangen til digital prismerking innebar eit omfattande arbeid med montering, da 2200 varer skulle få digitale prismerking montert på hyllene. I går ettermiddag var to ivrige damer innom, og saman med betjeninga var med på monteringa, og på tidleg føremiddag i dag vart resten montert av tre karar i kaffekroken. – Lediggang er rota til alt vondt, så her er det viktig med sysselsetting, var det ein av dei som sa, utan at vi nemne namn her!

F.v. Einar Husby, Lars Sæther og Kjell Gunnar Polden i full gang med å montere skjermar for digitale prisar. Foto: B G Ansnes

Sjølv om det nye systemet innebar mykje arbeid under sjølve monteringa, vil betjeninga spare mykje manuelt arbeid i framtida. Tidlegare måtte dei kvar måndag morgon skifte ut prismerkinga på mange varer, eit arbeid som tok tid, men som no blir gjort sentralt hos Coop med nokre få taste trykk.

Omlegginga til digital prismerking kostar Matkroken Todalen i overkant av 300.000 kroner, ei investering Merkurprogrammet dekker rundt halvparten av, men altså likevel ei betydeleg investering for nærbutikken.

Matkroken Todalen har også fått sjølvbetent kasse, der kunden sjølv kan skanne alle varer med strekkode og betale med kort. Foto: B G Ansnes

Samtidig har Matkroken Todalen også no fått sjølvbetent kasse. Det vil seie at kundane no sjølv kan skanne varene i kassen og betale med kort. Sjølvbetent kasse kan brukast for alle varer med strekkodar. Har ikkje vara strekkode eller for varer der ein betaler per kilo, må betjeninga komme å gjere dette som tidlegare.  

Publisert: 8. juni 2023, 10:44