Nærbutikkar over heile landet oppfordrar bygdefolk til å handle meir lokalt. Laurdag 1. november blir det landsomfattande aksjonsdag for lokal handel på Matkroken Todalen. «Handle lokalt – velg nærbutikken» er slagordet for kampanjen, som blir arrangert i samarbeid med det statlege Merkur-programmet for distriktsbutikkar.
Kampanjen vil fokusere på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel. – Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.
200 over heile Norge deltar i kampanjen for lokal handel. Terje Nordvik på Matkroken Todalen fortel at dei skal servere gratis kaffe med graut og bakels denne dagen. I år som i fjor har dei hyra inn Karen Johanne Talgø til å halde vaffelpressa i aktivitet frå klokka 10 og ut dagen. Terje håpar at folk stikk innom, slik at det blir ein travel dag både for Karen Johanne og resten av betjeninga.
– Merkur jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi halde oppe levande lokalsamfunn. Utan butikk er det vanskeleg å få til vekst og tilflytting i ei bygd, seier Per Kjetil Jørgensen i Merkur.