Torsdag kveld var det storproduksjon av grillspyd til Todalsdagen. Når 40 fotballag med tilhøyrande heiagjeng kjem på besøk på Bordholmen blir det eit stort behov for mat. – I kveld skal vi lage 5-600 grillspyd og massevis av heimlaga potetsalat og dressing for sal på Bordholmen på under Todalsdagen på laurdag.
Det var vante folk som fikk arbeidet unna seg og i løpet av nokre kveldstimar var grillspyda ferdiggjort og klare for grilling når dei fyrer opp storgrillen på Bordholmen.
Arrangøren legg stor vekt på at deltakarane på Bordholmen skal ha tilgang på skikkeleg mat under arrangementa under Todalsdagen, fortel Ellinor Bolme i matkomiteen.