Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mat, motivasjon og musikk for ein 200-lapp!

Elinor Bolme Onsdag 7. august 2019

Det er fortsatt rå å få tak i billettar til laurdagens jubileumsfest i Todalen Ungdomshus. Marit Tørset og Edvard Nordvik på Matkroken har så langt solgt i underkant av 40 billettar siste veka, og har heilt klart fleire igjen. Mange ventar kanskje i lengste laget før dei kjøper, og satsar kanskje på salg ved døra trur dei to, noko som gjer det litt utfordrande for dei som planlegg matserveringa.

For mellom klokka 18 og 20 vil alle som har løyst billett få servert heilstekt gris frå Gårdsslakteriet Sylte AS. -Her blir det servert buffet med alskens tilbehør, fortel Ola Sylte. -Pulled park, grove pølser, salat, ovnsbakte potetbåter, sylta rødlauk, brun saus og foccatia, alt heimelaga så klart. 

Ola Sylte står for grillinga, og ankjem Ungdomshuset tidleg for å få ferdig grillmaten til gjestane kjem frå 18 og utover. Foto: Privat.

Todalen grendalag står for salg av drikke i baren, og har naturleg vis skjenkeløyva i orden, fortel Bjørn Gunnar Ansnes. -Vi har kjøpt inn både hvitt, raudt og brunt i glasset, men held oss berre på lågast prosentsatsar, fortel han. -Drikkevarene inngår ikkje i billettane, så her må folk enten ha med seg kontanter, eller kunne betale med Vipps.

Stig Husby som er kveldens toastmaster håpar at folk kjem og tek del i jubileumsmarkeringa. -Programmet skal så absolutt fengje både gammal og ung. No har eg ikkje høyrt Kortnebbgåsa Vel sitt foredrag sjølv, men har fått meg fortalt at dette absolutt er verd å få med seg! -Ellers har vi utfordra Nils Ove Bruset til å ta oss igjennom 10 år med Todalen.no på 10 minutt, og det kan vel bli ein artig seanse om vi kjenner han rett. Er det andre som ønsker å komme med ei helsing utover kvelden er det berre hyggelig, oppfordrar han. -Og Tone Moa med band veit vi alle kjem til å levere, avsluttar han.  -Dette blir bra, håpar berre at folk kjøper seg billett i hopetall no dei siste dagane. 

Les også den fine saka Driva har laga i forbindelse med markeringa: Inviterer til jubileumsfest

Publisert: 7. august 2019, 17:35