Måndag hadde Produsentlaget i Surnadal si første markvandring i Viastua, hos Ola Kvendset. Denne kvelden var temaet «Beite», og gjengen som var samla skulle ta ein runde på ein times tid for å diskutere beitetilhøve for ku, ungdyr og kalvar. Det er ofte ei utfording å ha rett type beite, og dei skulle utveksle erfaringar og diskutere strategi og andre aktuelle spørsmål, fortale Magne Solli som er leiar i Produsentlaget.
Han fortalte vidare at det skjer mykje positivt med utnytting av beitetilhøva for tida, og det er mange som ser nytteverdien til å rydde gamle kulturbeiter for å ta i bruk til beite igjen. Positivt er det også å sjå at det er fleire dyr som er ute på beite, for det er liksom litt harmoni i å sjå beitende dyr når ferdast gjennom bygdene.
Denne kvelden var Frode Grønmyr frå Landbruk Nordvest med for å gi litt fagleg innput om aktuelle frøblandingar som er aktuelle i beiteområder som blir kultivert. Det er no plana at det skal bli slike temakveldar ute på gardane eit par gonger i året, fortalte leiar Magne Sollid, før dei stakk ut på sin markvandringsrunde. Etterpå var det lagt opp til kaffe og litt fagleg diskusjon.