Markus er ikkje redd fordi om yr.no kjem med farevarsel for mykje snø det komande døgnet. Med spilder nytt førarkort for traktor er endeleg tida komen for å køyre på eiga hand. Markus er ansvarleg for å halda Toåa tursti open for bruk, og i dag var det heilt strøken nedover frå Trøbakkå og nedover turstien til Halsabrua.
For nokre dagar sia var Markus til Biltilsynet på Orkanger og fikk ordna førarkort i klasse T – for traktor. ATW med brøyteskjær kjøpte han for eigne opptente midlar og spedd på med litt konfirmasjonspengar. Dermed vart det ein Polaris ATW som var litt bruka – som kosta rundt hundre tusen. Det blir forresten kjekt med førarkort for traktor, for eg har ekstrajobb med Håvard med gards- og fjøsarbeid. På spørsmål om det var vanskeleg å ta førarprøven, så avkreftar Markus det – det gjekk greit ja!
Da vi trefte Markus var han akkurat ferdig med ein brøytetur, og jammen var det strøken nedøver attmed Toåa. Men som sagt er det venta mykje snø det komande døgnet, så det er berre å fyll full tank på ATW’n Markus!