Laksefestivalen kom så smått igang torsdag, med tivoli, laksekonferanse, kunstutstilling og Surnakveld i Kulturhuset. Fredag opna markandsgata, og kulturskulen har opningsshow på hovudscena før det blir fiskekonkurranse i Surna og utekonsert med Stage Dolls og Batteri på hovudscena. Laurdag startar dagen med fellesfrukost framfor Kløverstua, før det fortsett med open dag på Svorka og marknadsgate.
Vidare utover dagen blir det konkurrert i Energikampen og Musefellebilløp, Amfi Idol og utekonsert med Postgirobygget på hovudscena.
Søndag er det også marknadsgate og tivoli, men hovudaktiviteten er nok det store andeløpet. Dagen fortsett med Zumbashow og gratiskonsert med Rasmus og verdens beste band på hovudscena. Her kan du følgje linken til Laksefestivalens nettside med komplett programomtale.
Bildeglimt frå marknadsfgata fredag ettermiddag. Alle foto: Jon Olav Ørsal