Trollheimen fjellsportklubb stilte med 3 deltakarar på NM i randonee i Myrkedalen på Voss. Deltakinga vart desverre prega av kansellerte fly på grunn av vêrtilhøva dei siste dagane. Veldig synd for arrangementet, for arrangøren har gjort ein kjempejobb og fått på plass flotte løyper, fortel Halvor Drøpping frå Trollheimen Fjellsportklubb. Dei tre deltakarane frå Trollheimen Fjellsportklubb viste at dei har forma inne, for Isak Drøpping sikra seg 1.plass og Aron Rodal Haugen 2.-plassen i Menn U18, medan Erik Kårvatn sikra seg 4.-plassen i Menn senior.
I klasse Menn U18 sikra Isak førsteplassen på tida 1:25:00, medan Aron Rodal Haugen kom på andreplassen med et tillegg på 1:46 – på tredje kom Selmer Helgeland frå Buvik IL med tillegg på 35:51. I klasse Menn Senior hamna Erik Kårvatn på 4. plass med tida 1:42:28. Erik fikk eit tillegg på 8:10 etter vinnaren som ikkje uventa var Hans-Inge Klette frå arrangørklubben som kom i mål på 1:34:18. På andreplass kom Trym Dalset Lødøen med +1:08 og på tredjeplass Bjørn Haugo Herfindal med + 5:45.
Søndag er det sprint som står på programmet i Myrkedalen på Voss – eit 20-tal deltakarar stiller på startstreken – deltakartalet er framleis prega av flytrafikkens problem med det snøkaoset som har vore dei siste dagane. Søndag er det start frå kl 10 og utover. Her kan du laste følge med på resultatservicen på linken til EQ timing