Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Markerte nasjonaldagen med gudsteneste

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2024

Medan kvikksølvet varierte mellom 25 og 27 varmegrader på gradestokken var det kanskje naturleg at folk fann seg ein skuggefull plass i staden for å gå i kyrkja på gudsteneste.  Men eit 40-tal hadde da funne vegen til dagens gudsteneste som starta kl 14:00 og som var ein del av programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen

Gudmund Husby var tekstlesar under gudstenesta i dag, medan Bernt Bøe var vikar for organisten. Foto Jon Olav Ørsal

Det var vikarprest Torbjørn Brøske som var dagens liturg, og da vi snakka med han før gudstenesta så signaliserte han at det var den siste ordinære gudstenesta han hadde i Todalenen kyrkje. – Eg blir snart 80 år, og det er på tide å ta det litt meir med ro no framover.  

Kyrkjekaffen foregikk som langbord ute i det fri – soknerådet diska opp med ei rikhaldig utval med kaffebrød. Foto Jon Olav Ørsal

Temaet for dagens preiken var henta frå Matheusevangeliet – nærare bestemt i frå Jesu bergpreken.   Dagens takkoffer gikk denne gongen til Todalen sanitetsforening og støtte til deira arbeid. Elles vart vi minna om at det 1. pinsedag (19. mai) er fellesgudsteneste for Surnadal, Stangvik, Rindal og Halsa i Stangvik kyrkje.  Neste gudsteneste i Todalen kyrkje er søndag 26. mai kl 19:30. 

Heile kaffeselskapet langs langbordet – Det var faktisk godå finne skygge under dei store bjørkaene ved kyrkjemuren i dag. Nærast fotografer er Ragnar Halle og Karen Johanne Talgø. Foto Anita Talgø

Publisert: 17. mai 2024, 15:48