Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Markerte donordagen på Matkroken

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. oktober 2014

I føremiddagstimane laurdag var det livleg på Matkroken. I tillegg til at det er ein travel handledag, var det både loddsal til sanitetsbasaren og markering av Verdens donordag med infostand og minikonsert. Det var Invild Kårvatn og Fay Johansen som promoterte donordagen med eigen infostand i butikken.

Konsert_8232

Trubadurer som sørga for god stemning på butikken i føremiddagstimane – frå venstre Svein Håvard saksen og Inge Bævre.

Donordagen har stor fokus verda over på denne dagen, for det er lang kø for å få nye organ. Når organdonasjon er aktuelt er det mykje tid å spare på at folk melder seg som donorar på førehand. Dei organa som kan donerast på denne måten er lunger, hjerte, lever, nyrer og buspyttkjertelen.  Dei to oppfordra folk til å melde seg på som donarer, og om korleis du kan gjere det – eit alternativ er at du har eit ferdig utfyllt donorkort i lommeboka, men du kan også legge inn ein app på mobiltelefonen. Du finn meir informasjon om dette på nettsida organdonasjon.no.

Dei hadde også med seg to trubadurer som sørga for underhaldning. Inge Bævre og Svein Håvard Saksen hadde minikonsert i butikken, der dei framførte både Vømmøl, Vårsøg og litt av kvart, til stor forøyelse for både kundar og publikum. Loddsal var det også – saniteten hadde førshandssal til årets store sanitetsbasar som blir arrangert søndag.

Sanitetsfruer_8235

Førehandssal til sanitetsbasaren – frå Sigrun Ørsal, Berit Kårvatn og Randi Gjeldnes. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 25. oktober 2014, 12:29