Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Markerte billigare barnehage og SFO frå 1. august

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. august 2024

Maksprisen for barn i barnehage er frå 1. august sett ned til kroner 1.500 i kommunane i kategori 5 og 6, der Surnadal kommune er plassert. Frå same dato er det også innført gratis kjernetid for ungar i tredje årstrinn som nyttar SFO. Dette vart vedteke i statsbudsjettet for 2024 rett før jul i fjor. 

Reduksjonen i makspris og gratis kjernetid i SFO betyr mykje for ein familie med fleire ungar i skule og barnehage.

Terese J. Moen og Lisa Alvestad frå fylkesstyret i Møre og Romsdal Senterparti, stortingsrepresentant Jenny Klinge og ordførar i Surnadal, Hugo Pedersen hadde i samband med dette invitert pressa til ei lita markering på Todalen og Stangvik oppvekstsenter. Dei hadde også invitert fedrane Tore Svinvik og Bjørn Kristian Brøske og einingsleiar ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter, Gro K. Sæter.

Både Lisa Alvestad, Jenny Klinge og Hugo Pedersen var i sine innlegg klar på at reduksjonen i barnehage- og SFO-prisane er viktige grep for å oppretthalde busetjinga i distriktskommunar, slik som både Surnadal og Rindal er. Dette er eit lite steg i rett retning for oss i distrikta sa Terese J. Moen, ordførar i Fjord kommune og styremedlem i Møre og Romsdal Senterparti.

At reduksjonen i i barnehage- og SFO-prisane får betydning for økonomien til barnefamiliane er heilt klart. «Vi har tre ungar i skule og barnehage, og vi sparar frå 1. august totalt 3.900 kroner kvar månad», kan Bjørn Kristian nøgd konstatere. Tore Svinvik bekreftar at også han og kona får ein merkbar reduksjon i utgiftene til barnehage og SFO kvar månad frå 1. august.

Politikarane var klare på at dette berre er eit lite grep for å oppretthalde og auke busetjinga i distriktskommunane. Det må arbeidast aktivt skal ein få til ei positiv utvikling var konklusjonen.   

Publisert: 15. august 2024, 07:11