Fredag var det markering på Surnadal Ungdomsskule i samband med MOT-prisen som Surnadal kommune mottok tidlegare i haust. I samband med prisutdelinga hadde kommunen besøk av Regine Oen Hatten (leder MOT kjerneaktivitet) frå MOT Noreg, og Gunn Anita Gjøvik (regionleder Møre og Romsdal / Nordfjord ). På programmet for dei to stod intervju med sentrale aktørar i MOT Surnadal, mellom anna kommunaldirektør Knut Haugen og filming med tanke på vidare arbeid og motivering.
Ungdomsskuleelvane arrangert MOT- og Nissedag i skulen kantine, der elevane stod for både program og gjennomføring. På dagens varierte program stod musikk med ikkje mindre enn to band, og i tillegg var det musikalsk innslag med duetten Astrid og Lina, ei dansegruppa og ei gruppe som viste fram Taekwondo kampsport.
MOT Surnadal har heile tid jobba for å være synleg og fått stor anerkjenning for jobben dei har gjort, og vi er sjølvsagt stolte av at vi vart tildelt prisen for heile kommunen, sa kommunaldirektør Knut Haugen. Han fortalte også at det har vore jobba mot både kommunestyret og formannskapet i tillegg til stor fokus på ungdomsskulen. – Det er viktig å vise fram og gi signal om at vi faktisk meiner alvor med det arbeidet som er lagt ned i forskjellige miljø, mellom anna i fotballen. Og eg har ein god føling av at det hjelper.
Regionleiar Gunn Anita Gjøvik skrytte av MOT Surnadal og Surnadal kommune. – Her er det bygd stein for stein og jobba systematisk, og elevane sjølve gir i ei undersøking uttrykk for at dei har oppnådd betre klassemiljø, større sjøltillit, har meir omtanke for kvarandre og har vorete meir robuste. – Artig er det også å sjå at næringsliv og lokalsamfunn ser nytten i arbeidet og støttar opp. F.eks var det MOT Surnadal som i år fikk startkontingenten frå Todalen ILs arrangement av Ræta Opp under Todalsdagen.
Knut Haugen etterlyser også engasjement hos Surnadal Vidaregåande skule. Det hadde vore fint om vi kunne følge ungdomane litt vidare og at kanskje fylkeskommunen kunne bidratt, for det manglar litt pengar for å få til ei fortsetting.