Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Markerte arbeidaranes dag i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. mai 2015

1. mai vart arbeidaranes dag skikkeleg markert i Surnadal kulturhus, der Surnadal Arbeidarpati kunne bu på både kulturelle innslag med Surnadal Hornmusikk og Tordenskjold Songlag. Dagens hovudtalar var partiet eigen, ordførar Lilly Gunn Nyheim og i tillegg hadde Rindal Aps ordførarkandidat Line Therese Flåtten politisk appell.

LineThereseFlåtten_7067

Line Therese Flåtten heldt politisk apell. Ho er ordførarkandidat for Rindal Ap til hausten. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var ikkje uventa at begge hadde regjeringas angrep på arbeidsmiljølova som hovudtema i sine innlegg. Flåtten sa at vi no har fått eit land for folk flest, men med den blå-blå regjeringa ser det no ut til å gå i feil veg.  Tilpassinga i arbeidsmiljølova for søndagsopne butikkar, midlertidige tilsetjingar og meir fleksibel arbeidstid fører oss i feil retning, sa Flåtten. Ho ga også sterkt uttrykk for at det blir feil når skattekutt er viktigare enn eldreomsorg og skule.
Største prioritet no er å sørgje for at det blir nye arbeidsplassar – skal det bu folk på bygdene må dei ha arbeid og eit levebrød.  Derfor er Flåtten tvilande til den nye kommunereforma dersom ho vi føre til sentralisering – Surnadal og Rindal er kommunar med sterke identitetar, og veljarane må tenke seg om når dei går til val i haust – og minte om at det er 135 dagar att til valet.

LillyGynnNyheim_7074

Lilly Gunn Nyheim var hovudtalar under 1. maifeiringa i kulturhuset. foto: Jon Olav Ørsal

Hovudtalar Lilly Gunn Nyheim var også i kamphumør. Ho refererte til historia for arbeidaranes dag og kva som er oppnådd gjennom 130 – det er det viktig å minnast. Nyheim refererte også til regjeringas angrep på arbeidsmiljølova og kva negative sider fjerning av rettar vil bety. Ho sa at ho vil foreslå for kommunestyret at Surnadal kommune ikkje skal nytte seg av desse endringane i arbeidsmiljølova.
Nyheim var også bekymra for kva ordninga med søndagsopne butikkar vil bety. – Det blir feil å gjere søndagen til stor handlardag, mente ho, for familiane treng ein dag det er litt rolegare slik at dei får tid til kvarande. I tillegg vil søndagsopne butikkar skape store problem for nærbutikkane, som alt no sliter med konkurransen frå dei store handlesentra.

LineFlåtten_OddnyHoem_7072

Line T. Flåtten fikk blomster til takk for appellen med Oddny E. Hoem som var konferansier. Foto: Jon Olav Ørsal

Midlertidige tilsetjingar vil også skape problem trudde ho, det blir heller færre enn fleire arbeidsplassar av det. – og kva med tryggleiken for dei midlertidige tilsette? Ho tok eit eksempel og ungdomar som skal låne til bustad – kor mykje får dei låne på ein midlertidig jobb.
Lilly Gunn ga klart uttrykk for at ho er klar for valkampen, der arbeid for alle kanskje er det fremste kravet, men er klar over at ein no står overfor store utfordringar både nasjonalt og internasjonalt.
Internasjonalt ligg det store utfordringar med flyktningstraumen frå Afrika til Europa og store naturkatastrofar. Derfor blir solidaritet eit viktig nøkkelord for det vidare politiske arbeidet, dersom ein skal behalde velferdssamfunnet vi har i dag.
Siste post på programmet var Tordenskjold songlag, før arrangementet vart avslutta med Vårsøg som allsong.

Bildeglimt frå 1. maifeiringa i Surnadal kulturhus, der mellom anna mange gamle faner var viste fram.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 2. mai 2015, 00:01 - Sist oppdatert: 1. mai 2015, 23:57