8.mai er det 76 år sidan dei tyske militære styrkane, som hadde okkupert Norge sidan 9.april 1940, kapitulerte vilkårslaust, og den andre verdskrigen, i Norge og Europa, var over. I samband med dette vil Indre Nordmøre Forsvarsforening i samarbeid med Nordmøre Brigadeveteranforening ha fleire markeringar både i Heim og Surnadal kommunar.
Markeringa av frigjeringsdagen vil bli slik:
- 12:00 Minnebautaen på Liabø i Heim kommune (Ved kommunehuset)
- 13:00 Minnebautaen ved Åsskard kyrkje
- 14:30 Ved gravstad Stangvik kyrkje
Orlogskaptein Lars Hønsvik vil halde ein kort tale med påfølgjande blomsterpålegging på alle tre stadane.
Indre Nordmøre Forsvarsforening og Nordmøre Brigadeveteranforening ønskjer alle hjarteleg velkomne til seremoniane!
Gjeldande smittevernreglar vil bli følgde.
Invitasjonen til markeringa kan du lese her: Markering av frigjeringsdagen 2021