Som dei to siste åra blir det også dette året eit arrangement på Åsen Bygdemuseum med Todalen historielag og Stangvik historielag. I år blir museumsdagen ei markering av kulturminnedagen. Den norske kulturminnedagen vert markert kvart år i september, med arrangement over heile landet. Formålet med kulturminnedagen er å bidra til å skape forståing og interesse for kulturminner og kulturmiljø. Årets tema er «Møtestader», noko som passar godt for å markere dagen akkurat på Åsen med si lange historie som møtestad – som soldatgjestgiveri, skysskifte, gamalheim og no som museum.
Arrangementet startar søndag 9. september klokka 12 i fjøset, og først på programmet står Eistein Bæverfjord som mellom anna vil vise sin film om Åsskard Bygdekvinnelag, – ein møtestad for kvinner gjennom 60 år. Vidare vil Nils Røv halde eit innlegg med utganspunkt i dagens tema. Både Eistein og Nils er habile og dyktige historieformidlarar – og kanskje blir det også musikalske bidrag frå dei begge.
Det vil bli sal av kaffe og bakels, og det er ope i museumsutstillingane frå kl. 12 – 16. Arrangementet er eit samarbeid mellom Todalen historielag, Stangvik historielag og Surnadal museum. Velkomne til kulturminnedag !