Torsdag 8. mai er det 80 år sidan alle tyske millitære styrkar kapitulerte og la ned våpena, og den andre verdenskrig var slutt i Europa. Dei tre historielaga i kommunen, Nordmøre Forsvarsforening og Surnadal kommunen har gjennom eit samarbeid laga eit fint program for årets markeringar av Frigjerings- og veterandagen ved kyrkjene i Åsskard, Stangvik og Todalen. I Todalen er markeringa klokka 20:00 ved bautaen utanfor kyrkja, og arrangørane oppfordrar folk til å møte opp for å vere med på markeringa.
Frigjerings- og veterandagen 8. mai er dedikert til å markere Norge sin fridom, samt å heidre våre veteranar.
Frå Surnadal kommune var det tre falne under felttoget i Norge:
Gunnar P. Bøe frå Olastua på Bølandet i Bøfjorden. Han fall i kamp mot tyskarane i Gratangen 25. april 1940.
Halvor Røen frå Kvanne vart hardt såra i slaget ved Gratangen og døyde på sjukehus fem dagar seinare.
Anton Husby fødd i Todalen var mannskap på panserskipet «Norge» og miste livet da skipet vart torpedert på Narvik hamn 9. april 1940.

Halvor (Hallvard) Røen vart stygt såra i Gratangen og døyde seinare på sjukehus. Foto: Utlånt av Bernt G. Bøe
Program for markering av Frigjerings- og veterandadagen i Surnadal kommune:
Under kommunestyremøtet 8. mai vil ordføraren ha ei lita markering.
På runden på ettermiddagen blir det dikt og musikkinnslag, tale ved ordførar Hugo Pedersen og kransepålegging ved bautaene til minne om dei tre frå vår kommune som fall under felttoget i Norge våren 1940. Harald Moen frå Forsvaret deltek også under markeringa.
Markeringane ved dei ulike bautaene den 8. mai:
- Åskard kyrkje: klokka 17:00 (Gunnar P. Bøe)
- Stangvik kyrkje: klokka 18:30 (Halvor Røen)
- Todalen kyrkje: klolkka 20:00 (Anton Husby)
For å sjå liste over alle nordmenn som fall under krigen 1940 – 45, sjå VG si liste Våre falne
Arrangørane av årets Frigjerings- og veterandag oppfordrar til å møte opp på markeringane rundt om og at det blir flagda denne dagen, for å markere 80-årsjubileet for frigjeringa av Norge!