Torsdag 8. mai er det 80 år sidan alle tyske millitære styrkar kapitulerte og la ned våpena, og den andre verdenskrig var slutt i Europa. Dei tre historielaga i kommunen, Nordmøre Forsvarsforening og Surnadal kommunen har gjennom eit samarbeid laga eit fint program for årets markeringar av Frigjerings- og veterandagen ved kyrkjene i Åsskard, Stangvik og Todalen.
Frigjerings- og veterandagen 8. mai er dedikert til å markere Norge sin fridom, samt å heidre våre veteranar.
Program for dagen:
Under kommunestyremøtet 8. mai vil ordføraren ha ei lita markering.
På runden på ettermiddagen blir det dikt og musikkinnslag, tale ved ordføraren og kransepålegging ved bautaene til minne om dei tre av våre som mista livet da krigen braut ut. Harald Moen frå Forsvaret deltek også under markeringa.
Markeringane ved dei ulike bautaene den 8. mai skjer til desse tidene:
- Åskard kyrkje: klokka 17:00 (Gunnar P. Bøe)
- Stangvik kyrkje: klokka 18:30 (Halvor Røen)
- Todalen kyrkje: klolkka 20:00 (Anton Husby)
For å sjå liste over alle nordmenn som fall under, sjå VG si liste Våre falne

Desse har laga årets program for markering av 8. mai i Surnadal kommune: Frå v. ordførar Hugo Pedersen, Olav Jostein Holten (Nordmøre Forsvarsforening), Bernt Bøe (Bøfjorden Historielag), Einar Grønnes (Stangvik Historielag), John Moe (Todalen Historielag) og Marit Haugen (Stangvik Historielag). Foto: Anne Lise With Vullum