Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Markering av 100-årsjubilantane Alf Ramsøy og Edvard Fliflet Bræin

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. mai 2024

Edvard Fliflet Bræin og Alf Ramsøy var fødde i august og september i 1924, Bræin i Kristiansund og Alf i Todalen. Søndag 26. mai var det markering av 100-årsjubilantane på bygdemuseet på Åsen. Arrangør var Vårsøghelga.

Alf som skodespelar. Frå arkivet til Todalen historielag.

Alf var ein fenomenal historieforteljar

Svein Sæter fortalde om Alf Ramsøy (1924 – 2014) som han meinte måtte vere verdas beste toppidrettsskodespelar! Alf debuterte på Det norske teatret i 1948, og han hadde mange rollar både på teaterscena og i fleire filmar. Her kan nemnast «Trost i taklampa» og «Ni liv». Samstundes var han medlem i idrettslaget BUL og var aktiv både i langrenn og friidrett. Seinare vart han ein ivrig og dyktig gardbrukar på heimgarden. Sæter viste bilete frå livet til Alf, og publikum fekk høre Alf deklamere dikt av Leif Halse. Sæter mintest Alf som ein fenomenal historieforteljar og kulturformidlar.

Ole Magne Ansnes intervjua Alf i samband med 80-årsdagen, og Alf fekk da verdas første æresabonnement på ei avis: DRIVA.

Edvard Fliflet Bræin. Fotoeigar: Familien Bræin.

Edvard Fliflet Bræin – den elegante musikanten

Odd W. Williamsen og Svein Sæter har skrive bok om Edvard Fliflet Bræin. Dei fleste forbind vel helst «Ut mot havet» med Edvard Fliflet Bræin, men Williamsen kunne fortelje om ein allsidig komponist og musikar. Fliflet Bræin laga utruleg mykje musikk til mannskor, sett tone til dikt mellom anna av Einar Skjæråsen, skreiv fleire symfoniar, filmmusikk og to operaer – «Den stundesløse» og «Anne Pedersdotter». Han skreiv den første «symfonien» sin som 6-åring, og på skulen las han – skjult bak pultlokket – musikkteori i timane. «Edvard Fliflet voks opp i sola og skuggen av den store faren Edvard Bræin», og det var ikkje så lett i følge Williamsen.  

Odd W. Williamsen – museumskonservator og forfattar. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Odd W. Williamsen og Svein Sæter har skrive boka «Den elegante musikanten. Edvard Fliflet Bræin 1924 – 1976». I boka er det også tekster av Egil Baumann, Dagfinn Koch og Kari Telstad Sundet. Boka er rikt illustrert.

Fleire bilete frå Åsen:

Lars Anders Bråten framførte eigne tekster med gripande innhald. Tonefølge av Ole Magne Ansnes. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Perkusjonisten Robert Sztorc opna arrangement på Åsen. Sztorc er frå Polen og er tilsett ved Operaens Simfonietta i Kristiansund. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Anders Larsen spela mellom anna slåttar etter Halvor Ørsal. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Museumsleiar Maja Frønes ønskte velkommen. Svein Sæter var programleiar og kåserte om Alf Ramsøy. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

 

Først publisert: 26. mai 2024, 18:58 - Sist oppdatert: 27. mai 2024, 07:22