Søndag 23. april er Verdas bokdag. Surnadal bibliotek markerer dette med «bokloppis» i foajeen på Surnadal kulturhus frå fredag 21. april klokka 11:00 til og med søndag 23. april.
Det er kasserte bøker, lydbøker og filmar biblioteket desse dagane sel på «loppis». Du kan betale med Vipps, eller med kort eller kontant i biblioteket, eller i resepsjonen på kulturhuset.
«Loppisen» vil vere open:
- Fredag klokka 11:00 – 22:00
- Laurdag klokka 11:00 – 17:00
- Søndag klokka 13:00 – 20:00
Her blir det altså mogleg å gjere eit «bokkupp»!
Surnadal bibliotek ønsker velkommen til «bokloppis»!