Komande laurdag er det tid for å markere den lokale handledagen ved Matkroken Todalen. Dette er eit samarbeid mellom dei lokale nærbutikkane i Noreg og Merkurprosjektet som er myndigheitenes samarbeidsorgan som all støtte til nærbutikkane blir kanalisert gjennom. Her i kommunen er det 3 butikkar som er med på Merkurprogrammet og som arrangerer lokal handledag komande laurdag.
På Matkroken Todalen blir dette markert med servering av gratis kaffe og bakels til alle kundane. Sjølvsagt skjer serveringa på ei trygg koronatilpassa måte i Kaffekroken, der både avstand mellom stolar og bord tilfredstiller alle krav for å unngå smittespreiing etter avtale med kommunelegen. Helga og Karen Johanne vil sørge for at alt går rett for seg og at alle held seg innafor regelverket, fortel handelsmann Nordvik.
Nærbutikkar i distrikts-Norge er viktigaste målgruppa for Merkur-programmet. Alle daglegvarebutikkar i distrikta kan delta, dersom dei oppfyller eitt av tre punkt:
- Butikkar som har ein nærmarknad på under 200 husstandar.
- Butikkar som er lokalisert til stader utan fast vegsamband eller har lang avstand, normalt 10 km, til alternative næraste innkjøpsstad. Dessutan slike som har ei lokalisering som er i samsvar med kommunen sine ynskje om å oppretthalde og/eller tilrettelegge for eit framtidig godt utbygd tilbod av daglegvarer og andre servicetenester.
- Butikkar valt etter spesiell vurdering og som er godkjent av programstyre
Ei lyt være litt patriot og ha litt ekstra pågangsmot for å bli med på dette programmet. Det er ikkje noko problem i Matkroken Todalen som nyleg investerte i nye kjølediskar for frukt&grønt som kompå plass for eit par veker sia. I tillegg blir el-sentralen i butikken skifta ut denne veka – her kjem det på plass nytt sikringsskap og straumfordeling som er topp moderne. Ny datasentral og kortterminal for drivstoffanlegget er på plass. Til saman er dette ei investering på rundt 300.000, der Merkurprogrammet bidreg med halvparten.
Merkurprogrammet er eigd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og er ein del av Distriktssenteret. Dei poengterer kor viktig det er å bruke dei lokale butikkane, slik at dei ikkje blir borte. Dette gjeld både lokalbefolkninga og turistar/hyttefolk som har tilhald i bygda både i sommarferien og andre feriar7frihelgar gjennom året.
Nordvik er oppteken av at butikken skal være levande, og difor strekkjer butikken seg langt for å etterkome ønske om å selge lokale varer i butikken. Her finns både mjølkeprodukter frå Todalen Meieri, lefse frå Viastua, lokale årsskrift og bøker – mellom anna dei nye bygdebøkene for Surnadal. Vi lever tross alt av å kløppe kvarandre, sier Nordvik.
Bildegalleri frå Matkroken Todalen – alle bilder: Jon Olav Ørsal