Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Markerer at det er 100 år sidan Alf Ramsøy vart fødd

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 15. juni 2024

Kultur- og idrettsmannen Alf Ramsøy vart fødd 30. september 1924. Todalen historielag og Todalen Idrettslag vil søndag 29. september markere at det da, omtrent på dagen, er 100 år sidan Alf vart fødd. 

Dei to laga inviterer nemleg til ettermiddagskaffe i Todalen ungdomshus 29. september klokka 17:00, for å markere dette.

Svein Sæter kjem og fortel litt om Alf sitt liv som kultur- og idrettsmann, og det blir sjølvsakt sal av kaffe og noko å bite i. 

Meir om programmet kjem seinare, når datoen nærmar seg. 

 

 

Publisert: 15. juni 2024, 09:09