Den som har levd ei stund minnes nok Markagapen stadion i Brusetmarka og aktiviteten med god gammeldags løkkefotball i 60-åra. Det var ein improvisert fotballbane, laga av borna sjølve, og hadde sin viktige misjon i ein periode fra starten av 60-åra og nokre få år vidare. Her deltok born og unge både frå Brusetmarkas brusetmarka og lovande fotballtalent frå resten av bygda.

Terrenget er nok forandra sia Markagapen stadion, men den låg her i området like ved Stillhølen. Har du bilde frå den tida? Foto: Jon Olav Ørsal
Odd Arild Sande har fått i oppgåve frå historielaget å skrive om ungdomstida i Brusetnarka. Han var mykje på Falløya hos bestemora og gikk sågar på skulen her eit år – det var skuleåret 1962-63 – i tillegg til ferioeopphald her. – Det var ei rikt tid, med mange gode minne, seier Odd Arild, som no treng litt hjelp til å minnast detaljar frå den tida og ikkje minst bilder frå markagapen stadion, som var sentral på den tida.
Torsdag kveld samla han aktuelle informatører frå den tida på Todalshytta. – Det vart ein skikkeleg mimrekveld, og det var tid for oppfriskinga av både årstal, aktuelle namn på dei som deltok i løkkefotballen og sjølvsagt mange gode histoier. Mellom anna mintes dei episoden da Ole Trudvang var på tur forbi med fiskartrøa. Da han passerte stadion fikk han ein ball i ryggen, slik at han mista pipa si ned på vegen. Men Ole vart ikkje sint for det, han berre plukka oppat pipa og stappa ho i kjeften og gikk vidare på sin veg for å prøve laksen i Fyrhushølen attafor fabrikken.
Men foreløpig er det ingen som har funne bilder frå Markagapen stadion – har du bilder frå stadiojn eller frå aktivitetar der, så sett vi stor pris på at du tek kontakt – enten med Odd Arild Sande på telefon 916 13 154 eller med oss i redakjsonen på e-post red@todalen.no