Knall påskevær og fint øståføre gjorde at det var godt oppmøte på årets Kjerringdilt på Skihytta i dag. Lukta av nysteikte bakels spredte seg i siste motbakken inn mot hytta, der trimgruppa i Todalen Il hadde rigga seg til.
Det var heile 53 av dei frammøtte som gikk dilten i år. Marit Sanden Søyseth gjekk av med seieren og får låne vandrepokalen, 6 sekund unna idealtida. Oscar Eidsem var hakk i hel med sine 8 sekunder unna. Marit har deltatt mang ein gong uten å ha fått tak på pokalen, så no er ho nok godt fornøgd med dagens innsats.
Under er eit rikhaldigt bildegalleri som vi har fått tilsendt. Fotografane er Mari B.Redalen, Kathrine Røe Redalen og Jorunn Nordvik.