Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Maria tek ansvar – likar ikkje søppel som sleng

Jon Olav Ørsal Sundag 2. desember 2018
På tur opp til Skulstua på sykkel i dag såg Maria ein søppelsekk full av  plastikk som låg og slong i vegkanten. I staden for berre å sykle forbi den, tok ho den like godt med seg søppelsekken på sykkelen.
Ho raska også saman noko anna plast som låg der, og  frakta det til skulen for å kaste det i den store søppelkassen der. Maria fortjener stor ros for innsatsen – dersom alle tek ansvar slik som Maria, så blir det ikkje søppel som ligg og sleng rundt omkring.  Takk til Line som tipsa oss om saka!

Med fullt lass på sykkelen gikk turen vidare til skulen. Foto: Line K

 
Publisert: 2. desember 2018, 15:15