Trekning av barnebordet viser seg stort sett å vere dagens høgdepunkt under den tradisjonelle basaren til Todalen Sanitetsforening. Og det var ikkje noko unntak i går, med mange spendte små som sirkla rundt det velfylte bordet. Maria Kvendset Bergli var ikkje tung å be om eit bilde etter at ho fekk sikra seg rekordmange fine gevinstar etter trekninga. Til og med ein tyggisautomat og ei kombinert drikkeflaske som ho faktisk hadde sett seg ut tidleg.
Men det var ikke berre ungane som vann, for med eit hovudbord, dagens bord og åresalg vart det delt ut gevinstar i fleng.
Basaren er hovedinntekta til Todalen Sanitetsforening og styret i foreninga ønsker å takke alle som har bidrege til at i overkant av 40 000 kom inn. -Bygdafolket er fenomenale til å støtte oss, både med gevinstar og loddkjøp roser nestleiar Kari Kvendset. -Vel 22 000 i førehndssalg på L Hals er rett og slett imponerande.
Her er komplett trekningsliste: trekningsliste-sanitetsbasar-2-oktober-2016